Juletanker

Heile Verda?

Kva for julesong likar du best? Og kvifor det?

I år er min favoritt ein av dei enklaste og vakraste. Så enkel at eg til tider (i alle fall i tenåra) har syntest den er nesten litt banal. Men det ein lærer aller først i livet, får ein spesiell plass i tanke og kjensler.

«Eg er så glad kvar julekveld, for då vart Jesus fødd». Så enkelt kan det seiast og syngast. Det opnar heile registeret av kjensler og minner.

Men det står noko i eit seinare vers som eg trur er ein spesiell grunn til at eg likte og likar den så godt: «Ho mor ho kveikjer alle ljos, dei skin i kvar ei krå, for heile verda, seier ho, skal julestjerna sjå.»

Julesongen handla ikkje berre om Betlehem. Som barn lurte eg på korleis ho som skreiv denne salmen kunne vite at det var slik heime hos oss. Det var ein spesiell kveld for å tenne alle lys. Og det var mor som passte på at det vart slik.

Etterkvart som livets oppgåver har brakt meg rundt i verda, har eg fått sett at julestjerna er spreidd slik at heile verda kan sjå den, og  kan tru på det den fortel - på sitt symbolske, direkte og underlege vis. Kyrkja er overalt som teikn på Guds kjærleik i ei verd som treng den bodskapen. Ikkje minst i denne pandemi-tida som har så mange mørke sider for mange.

Stjerna kastar lys i alle krokar. Og viser oss ein veg å gå – i kjærleikens namn.

Les søndagens bibeltekster her

Del